Spydspissaksjonen med hånden på hjertet

sterk kritikk av barnevernet

tysse03

Rapport med sterk kritikk 
av barnevernet i Samnanger

Barnevernet og barnevernsleiaren i Samnanger får sterk kritikk i granskingsrapport.



I februar 2013 gjekk folket i Samnanger i fakkeltog mot barnevernet i kommunen. Bakgrunnen var fleire episodar, der barnevernet skulle ha gått brutalt fram overfor innbyggjarar i kommunen. Kritikken var spesielt retta mot leiaren for barnevernet, som òg er helse- og sosialsjef i kommunen.

Etter fleire månader med diskusjonar vedtok kommunestyret i juni å be Advokatfirmaet Kyrre i Bergen å granske barnevernet i kommunen. Onsdag ettermiddag la advokat Einar Drægebø fram deira funn for kommunestyret.

- Eg oppfatta det som kom fram som til dels sterk kritikk av barnevernet, og spesielt barnevernsleiaren, seier Øyvind Røen (Sp), som er med i ei arbeidsgruppe nedsett av kommunestyret for å gjennomgå barnevernet.

Dårleg samarbeid

Sigmund Dyrhovden (KrF) har ei liknande oppfatning.

- Sjølvsagt er det mykje som fungerer bra i barnevernet i Samnanger, men rapporten peikar òg på ein del punkt som er mindre bra for barnevernet, og kanskje spesielt barnevernsleiaren, seier Sigmund Dyrhovden (KrF), som òg er medlem av arbeidsgruppa.

- Det aller viktigaste punktet går på dette med hans samarbeidsproblem med tenestene det er naturleg at barnevernet samarbeiear med, som helsetenesta, skule og barnehagar, seier han.

- Oppreising for lege

Granskarane har mellom anna gått gjennom ein episode som BT skreiv om i februar. Der hevda lege Jakob Christian Norup at barnevernsleiaren prøvde å få legen til å setje opp ein fiktiv legetime, for å fjerne to barn frå mora.

Saka vart seinare granska av Fylkesmannen, som ikkje fann grunnlag for å kritisere barnevernsleiaren.

Kommunen sine eigne granskarar har kome til ein annan konklusjon.

Både Dyrhovden og Røen (Sp) seier dei oppfattar rapporten som ei op

preising for Norup.

- Slik eg oppfatta Drægebø har dei ei betydeleg anna oppfatning av den saka enn Fylkesmannen, seier Røen.

Rapporten ut på nettet

Ingen av kommunestyrerepresentantane hadde sett rapporten før dei fekk han presentert onsdag ettermiddag, og vil no bruke tida framover til å setje seg inn i detaljane.

Ordførar Marit Aksnes Aase (KrF) seier det er for tidleg å kommentere rapporten, sidan den først vart

kjend for henne òg onsdag.

- Ein uavheng aktør har vurdert barnevernet vårt, og derfor vil me lesa nøye gjennom rapporten før me bestemmer oss for kva me vil gjera vidare, seier ho.

Ho seier dei vil avgjere den vidare saksgangen ut på nyåret, men det vart på kommunestyremøtet onsdag antyda at saka vil kome opp på eit ekstraordinært kommunestyremøte i slutten av januar.

Klokka 9 i morgon, torsdag, vil alle som ønskjer det få lese rapporten. Ifølgje ordførar Aase blir den då lagt ut på Samnanger kommune si heimeside.

Advokat Einar Drægebø svarte i går ikkje på telefonen, og ønskjer ifølgje ordførar Aase ikkje å kommentere saka.

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Rapport-med-sterk-kritikk-Aav-barnevernet-i-Samnanger-3026169.html#.UrH_g7CA3IW


 

2171
Kategori:
Presse & nyheter

Underskriftkampanje

 
1897
signaturer
Signer kampanjen

Innsamlingsaksjon

Aksjonen er alene drevet av private donasjoner og bidrag. Vi garanterer at alle donasjoner blir brukt til sakens formål.

Få oppdateringer

Besøkende

508528